Julevaffeltreff på Fossberg 15.desemberDet lir mot jul, og vi meiner det er på sin plass med eit siste julevaffeltreff på slutten av året.Julevaffeltreff på FossbergStad: Fossberg kafè, innst i lokaletTidspunkt: Fredag 15.desember kl. 11.30-12.15Vaffeltreff er eit lågterskel-tilbod som starta opp våren 2023, og sidan har det vore arrangert nesten kvar månad. Her har både nye og kjente fjes vore med. Det har vore ein triveleg møteplass som vi håpar å vidareføre neste år. Fredag 15.desember blir årets siste vaffeltreff, og denne gongen i juleversjon. Fossberg serverer gløgg og vaffel, og vi spanderer. Om du har vore med tidlegare eller ikkje er du hjartleg velkomen! Møt opp på Fossberg kafè kl 11.30, inga påmelding krevst.Håpar vi ser deg!Med venleg helsing Åshild og Hege (næringssjef og bygdeutviklar) Publisert 22.11.2023 11.00