Lom kommune - Kommunal kompensasjonsordning for lokalt næringsliv rammet av covid-19 situasjonen - runde 3
Kommunane har fått tilført nye midlar frå KMD til den kommunale kompensasjonsordninga, og Lom kommune har fått kr. 1 389 000,- til fordeling. Midlane må delast ut innan 1. november.
Søknadsfrist er sett til 23.09.2021 kl 23:59.
Målet for ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særs hard ramma av lokale og nasjonale smitteverktiltak. Ordninga skal fungere som ein kommunal ventilordning for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
Det er eit avgrensa beløp Lom kommune har fått til fordeling og det kan bli naudsynt med ein skjønnsmessig prioritering av søknadane. Det er ikkje gitt at alle verksemder som søkjer vil få støtte og ein kan heller ikkje rekne med at omsetningssvikt/meirutgifter blir dekka fullt ut.
Legg merke til at alle opplysningar i søknaden vil bli journalført og dermed bli offentleg informasjon.
Søknaden må innehalda følgjande:
- Kort beskrivelse av korleis bedrifta har vorte ramma av omsetningssvikt på grunn av korona eller meirkostnadar på grunn av smittevernrestriksjonar, samt om bedrifta har falt heilt eller delvis utanfor andre kompensasjonsordningar Legg med som vedlegg. Her finn du ein mal som kan brukast. (DOCX, 19 kB)
- Årsregnskap (samanstillingar) for 2019 (referanseår), 2020 og 1. halvår 2021. Legg med som vedlegg.
- Omsetningstap i perioden frå 1. januar 2021 til 1. juli 2021, samanlikna med fyrste halvdel av 2019 (referanseår). Du kan søkje om kompensasjon på inntil 50% av omsetningstapet. Skriv inn i skjema.
- Om bedrifta har motteke bagatellmessig støtte dei siste tre regnskapsåra + fyrste halvår av 2021, og eventuelt kor mykje.
- Bedrifter som er etablert etter mars 2020 kan også søkje, dei må da dokumentere meirkostnadar knytt til smittevernstiltak på grunn av korona.
Kven kan søkje midlar?
- Søkjar må ha eit organisasjonsnummer
- Bedrifta må ha forretningsadresse i Lom kommune
- Bedrifter som på søknadstidspunktet er under konkursbehandling eller under frivillig eller tvungen avvikling kan ikkje søkje
- Bedrifter som søkte på runde 1 og 2 kan søkje på nytt att i runde tre, men tidlegare tildeling vil bli vektlagt.
- Bedrifter som ikkje har tilsette kan ikkje motta kompensasjon
Ta kontakt med næringssjefen i Lom kommune for å få rådgjeving før du sender inn ein søknad på ashild.amundsen@lom.kommune.no / 975 22 977.
Alle søknadar skal sendast via www.regionalforvaltning.no innanfor fristen (hugs å trykke på "send inn" knappen).
Framdriftsplan:
Dato
|
Aktivitet
|
31.08.2021
|
Utlysingstekst og prioriteringar blir vedteke i formannskapet
|
31.08.2021
|
Utlysing blir lagt ut på regionalforvaltning.no
|
23.09.2021 kl 23:59
|
Søknadsfrist
|
Veke 39
|
Saksbehandling
|
05. 10.2021
|
Utsending av saksdokument til formannskap
|
11.10.2021
|
Utsending av saksdokument til kommunestyret
|
12.10.2021
|
Behandling i formannskap
|
19.10.2021
|
Behandling i kommunestyret, og deretter utbetaling av midlar
|
01.11.2021
|
Frist tilsegn KMD / rapportering i regionalforvaltning.no
|