Nye reglar for bruk av næringsfondet

Lom kommunestyret har no vedteke nye reglar for bruk av næringsfondet i Lom. 

Det er ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå politisk nivå og næringslivet som la fram eit utkast til eit nytt regelverk, etter å ha jobba med problemstillinga eit halvt års tid. 
Administrasjonen ved næringssjef, skogbrukssjefen og landbrukskontoret har deltatt som sekretariat. 

Arbeidsgruppe for revidering av næringsfondsreglementet

 

 

 

 

 

 

I kommunestyret den 18. februar vart regelverket vedtatt. Det vart foreslått ei endring frå det opprinnelege utkastet, og det var at “Saksframlegg til politisk behandling skal inkludere ei oversikt over inntekter og utgifter så langt i inneværande år”.

Det nye regelverket kan du lese her:  (PDF, 20 MB)
Saksframlegget kan du lese her: (DOCX, 55 kB)

Det gamle regelverket kan du lese her, det var delt i to: 
standardvedtekter (PDF, 85 kB) og retningslinjer (PDF, 183 kB)

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje