Karriere Innlandet vil starte eit nytt tilbod for vaksne som ynskjer å utdanne seg innan salsfaget. Undervisninga vil skje ein kveld i veka og tilbodet er retta mot vaksne over 19 år. Planlagt oppstart er august 2025.
Opplæringa vil bli leia av erfarne lærarressursar frå den vidaregåande skulen, men ved behov kan det bli henta inn fagfolk frå næringslivet for å sikre høg kvalitet på undervisninga. Etter fullført opplæring og bestått eksamen kan deltakarane dokumentere relevant praksis og melde seg opp til fagprøva i salsfaget. Når fagprøva er bestått, vil dei få tittelen "salsmedarbeidar" og få fagbrevet under den årlege utdelinga på Otta.
Les meir om utdanningstilbodet her:
For meir informasjon kan ein besøke heimesida til Karriere Innlandet, eller følgje deira Facebook-side. Ynskjer du eit springbrett inn i salsbransjen? Då er dette fin måte å tileigne seg god fagkompetanse på.
Kontakt Grete Lilleseter i Karriere Innlandet:
Telefon: 97 08 21 30
grelil@innlandetfylke.no
Karriere Innlandet