Oppdatert oversikt over næringsareal og næringslokale i LomEr du på jakt etter næringsareal eller næringslokale i Lom? Da finn du ei oppdatert oversikt her. I løpet av det siste året (2019) har det vorte tildelt to næringstomter i industriområdet i Lom, til Gravferdshjelpa Lom og Skjåk ved Anne Sperstad og Ruler AS ved Jan Erik Husom. I tillegg har vi fått laga eit betre kart over næringsarealet som finst i retning Garmo (100 daa). Finn meir informasjon her, og ta gjerne kontakt med kommunen dersom du har spørsmål. Lokale til leige, tidlegare AK-maskin i industriområdetNår det gjeld næringslokale, så har dei ledige lokala i Coop-bygget, ved Byggern og i Flækøybygget vorte fylt opp i løpet av 2018 /2019. Dette er positivt! Desse er derfor fjerna på lista, mens det gamle bygget til AK-maskin har kome inn. Dette er no til leige, kontaktperson er Ola Steinbakke. Sjå den fullstendige oversikta her. I tillegg har Koldenbygget vorte lagt ut til sal med ei prisantydning på 2,5 millionar. Sjå bilder og meir info på finn.no. Publisert av Åshild Myhre Amundsen Publisert 31.01.2020 13.16