Siste nytt om breibandsutbygginga i Bøverdalen

Telenor har no gitt beskjed om at breibandsutbygginga i Bøverdalen er estimert ferdigstilt i midten av november.
Gode nyheiter for alle som ser fram til å få fiber i heimen! 

Det har vore ein lang prosess frå søknadsskriving i 2015 til ferdigstilling i 2018, men no kan Telenor melde at breibandsutbygginga i Bøverdalen snart er i mål. Høg skogbrannfare i sumar gjorde at deler av ryddearbeidet vart forsinka, men entreprenøren satsar no på å bli ferdig innan 15. november 2018. 

Telenor har informert Lom kommune om at alle som har bestilt abonnent vil få tilsendt informasjon i løpet av veke 38. 

Ta gjerne kontakt med Telenor eller Lom kommune ved næringssjef Åshild Myhre Amundsen dersom du har spørsmål angåande utbygginga. 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldingen)