Retningslinjer vedtatt i samfunnsutvalet 25.april 2022:
Vil du eller din bedrift "prøvejobbe" i Lom, men utan å betale ein stor husleigekostnad i starten? Lom kommune ynskjer å legge til rette for at nyetablerte, studentar og folk med stadsuavhengig arbeidsplass kan "prøvejobbe" i Lom ei periode utan å betale mykje i utleige. I 2022 har vi derfor sett av kr. 100 000 til ordninga, fordelt på maks kr. 10 000 pr. person / bedrift. Her er det fyrstemann til mølla!
Ordninga gjeld for:
- Oppstartsbedrifter i tidleg fase (fem fyrste åra), folk med stadsuavhengig arbeidsplass og studentar som ynskjer å prøve ut eit kontorfellesskap i Lom. Det må sannsynleggjerast at personen eller bedrifta har planer om å bruke kontoret / lokalet mesteparten av tida.
- Bedrifter / folk som allereie er ein del av eit kontorfellesskap i Lom, og som ynskjer å teste ut ei ny plassering kan ikkje få tilskot.
Kva reknast som eit kontorfellesskap?
- Eit lokale som ligg plassert i Lom kommune, med tre eller fleire kontorplassar inntil kvarandre. T.d. Nilsbue, Norsk fjellsenter, Murgarden, Fjoset, Lom næringseiendom etc. Målet med ordninga er å bygge opp gode fagmiljø, der det er attraktivt å sitte.
- I særlege høve kan det også vere aktuelt å gi tilskot til folk med stadsuavhengig arbeidsplass som ynskjer å teste ut Lom, men som treng andre fasilitetar enn eit kontorfellesskap (som atelier og liknande).
Kva kan du få i tilskot?
Du / din bedrift kan få eit tilskot på inntil kr. 2500 pr. månad i inntil fire månadar, altså maks kr. 10 000. Du kan få ei kostnadsdekning på inntil 100% av leigeprisen, med kr. 2500 som ei øvre grense per månad. Men dersom den reelle leigekostnaden er lågare blir tilskotet lågare.
Døme: Leigekostnad pr. mnd = kr. 500. Tilskot pr. mnd = kr. 500, eigenandel kr. 0,- Leigekostnad pr. mnd = kr. 3000. Tilskot pr. mnd = 2500, eigenandel på kr. 500,- Tilskotet blir utbetalt direkte til den private utleigaren så snart kommunen har fått tilsendt ei bekreftelse på at leigeavtale er inngått.
Kva må ein søknad innehalde?
- Kort om kven du eller din bedrift er
- Om du søkjer på vegne av ei nystarta bedrift (maks 5 år gamal), om du er student eller om du har ein stadsuavhengig arbeidsplass.
- Leigepris pr. mnd (dette må du sjølv avklare med utleigar)
- Kvar du har tenkt å sitte.
- Lengde (vi kan støtte minimum ein månad, maksimum fire månadar)
Ordninga gjeld så lenge det finst midlar.
Oversikt over ledige kontorlokale
Gå til oversikt over ledige kontorlokale i Nord-Gudbrandsdal.
Gå til detaljert oversikt over ledige kontorlokale i Lom.
Ta gjerne kontakt med næringssjef Åshild Myhre Amundsen på ashild.amundsen@lom.kommune.no / 975 22 977 dersom du ynskjer ei omvising eller har spørsmål.