Viktige søknadsfristar i 2021

I Norge har vi haugevis med støtteordningar, og mange har søknadsfrist i starten av året. Vi har gjort sorteringsjobben for deg, og samla ei oversikt over aktuelle ordningar i dette nyheitsbrevet. 

Michal Jarmoluk, Pixabay  I lenka over kan du lese meir om desse tilskota: 

  • Natur- og kulturbasert næringsutvikling

  • Grønn framtid

  • Grunneigarfondet til Statskog

  • Kompensasjonsordninga

  • Regionale distriktsutviklingsmidlar

  • Privat investorkapital for bedrifter i Ottadalen

  • Sparebankstiftelsen DNB

  • Gjensidigestiftelsen

  • Startups (her er søknadsfristen ute)

Lom kommune har elles tilgang til https://new.tilskuddsportalen.no/, med ei oversikt over alle tilskotsordningar. Ta kontakt viss du vil søkje etter noko spesielt. Det er ofte mogleg å skaffe penger til gode prosjekt - men vanskeleg å finne penger til drift i etterkant.
Å skrive ein god søknad er litt som å gå opp til eksamen - du må lese vilkåra nøye, skrive kortfatta men presist, og svare innan fristen! 
Ikkje nøl med å ta kontakt med næringssjef viss du treng hjelp (kontaktinformasjon på høgre side). 

Her kjem fleire tilskotsordningar som kan vere aktuelle for bedrifter i Ottadalen:

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje