Ny forskrift om minsteareal for elg, hjort og rådyr i Lom kommune
Lom vilt- og innlandsfiskenemnd vedtok 14.03.2018 ny forskrift om minsteareal for elg, hjort og rådyr i Lom kommune.
Hovudendringa i den nye forskrifta er at minstearealet for hjort er sett ned frå 3.000 dekar til 2.000 dekar. Dette vil i gjennomsnitt gje grunnlag for 50 % auke i fellingskvoten for hjort.
Les heile forskrifta på lovdata.no
Sist endret 20.01.2023 14.09