Konsert med Baker Hansen

Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen. Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål?

Baker Hansen leiter etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte.
Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er gjendikta og historiane omarbeidd til vårt eige mål i vår eiga tid, framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. Når språket er vårt eige, får musikken høve til å komme nærare på lyttaren - og livet og leiken i det velspelande jazzensemble lyfter fram kvifor denne musikken har ein særstilling i mange jazz-hjerter.

Vi gler oss til konsert!